Personleg kan eg ikkje fatte og begripe kvifor nokon vil bruke MTN skia framfor eit splitboard.
Einaste eg kan sjå er viss du driv mykje med backcountry kickers.
Ved splitboard får du meir volum når du skal trakke spor i pudder, i tillegg slepp du å ha brettet på ryggen på veg opp og du slepp og ha skia på ryggen nedover.
Eg har gått ein heil del toppturar både med truger og med split og eg klarer ikkje å kjenne meg igjen i dei argumenta som brukes "mot" splitboards. Min teori er at dei som er skeptiske til splitboard anten ikkje har prøvd, eller driv hovudsakeleg med minigolfing og bc kickers.