Hvis det "å vere dårlig på noe i noen sesonger" ikkje fristar, så ville eg hold meg langt unna telemark. Det vil kunne ta lang tid å komme seg til samme nivå på telemark, hvis det i det heile er mulig. Men prøv det gjerne, det kan hende du blir heilt forelska i telemarkbevegelsen, og då spelar det jo ingen rolle om det er ein del vanskelegare.
Randonneutstyr kan fungere greit også i anlegg og tåler fort like mykje juling som telemarkutstyr, det er berre at på telemark så har ein ikkje noko betre alternativ tilgjengelig;-) Eg har som Pulken ovanfor brukt fritschi bindingar på kombinert heis-lausnø-ski og topptur-ski i mange år utan nokon problem. No har eg dog gått over til dynafit på toppturskia, alpinbinding på heisski og ei bytte/kombiløsning med alpinbinding og dynafit (sollyfit) på pudderskia.
Kor mykje vekt ein vil/gidd/klarer å dra med seg på topptur er ganske individuelt og situasjonsbetinga. Det har gjerne mykje med kva utstyr dei du kjem til å gå på tur i lag med har, og kor god form du er i forhold til turkompisane. Ein kan gjerne gå dei samme turane med tungt utstyr som med lett utstyr, det er berre å starte ein halvtime før eller ta litt mindre pauser. Men går du på tur med folk med lettare utstyr og/eller betre form,så kan det følest tungt og kjipt om dei må stoppe å vente i 6x5 min på at du skal dra med det det blytunge utstyret ditt og du kjem då gjerne til å ønske deg lettare utstyr...
Hvis du er godt fornøgd med racingstøvlane dine, så ville eg fortsatt å bruke desse i anlegg og så kjøpt nokre midt-på-treet randonnestøvlar i tillegg til turbruk, feks BD Quadrant, Scarpa Maestrale, Dynafit ZZero4, Garmont Radium alt etter kva som passar foten din best. Dei kjem uansett til å følest som eit kompromiss nedover i forhold til racingstøvlane, men vil vere tonnevis betre å gå med.
Skal du bruke alpinstøvlane på dei nye skia i heisannlegg så treng du enten ein randonnebinding som taklar alpinstøvlar som fritschi/marker FT12/baron/duke eller ei løysing som lar deg bytte mellom dynafitbindingar og alpinbindingar (inserts/sollyfit/dynaduke). Dynafitbindingar er 1 kg lettare enn dei fleste andre randonnebindingar og 1,6 kg lettare enn duke, det merkast i oppoverbakkane. Men slike bytteløsningar er litt omstendelige hvis ein byttar mellom topptur og heis annakvar dag...
I forhold til ski er det litt vanskeleg å gi råd. Hvis eit par korte twintipski med M12.0, midtbredde på 76 mm og kort svingradius er tunge, så vil nok det meste av ski eg kan komme på som egnar seg utanfor bakke, også vere tunge. Tenker du tunge som i tungkøyrte, eller som i fysisk vekt?