Eg har og skada kneet mitt.. Skada det då eg landa skeivt på trampoline for ei stund sidan. Det som er litt rart med kneet mitt, er at eg kan gå på det heilt normalt, og springe på det og alt.. men når det får ein spesiell bevegelse innover (kalvbeint stilling) , kjenner eg eit slags knekk, og får ganske vondt, og kan plutselig ikkje stå skikkelig på foten. Vrir eg kneet på ein litt annleis måte , kjennes det ut som at alt er som det skal igjen, og eg kan stå på foten og bruke den normalt igjen.
Har ikkje hatt tid til å skaffe time på MR i det siste, pga eksamenstider på skulen, og eg bur ganske langt ifrå nermaste sjukehus som har MR, men eg skal få bestilt time på haukeland i neste veke.. Har min eigen lille mistanke om at det er ein beinsplint som nokon gongar kjem i vegen og skapar trøbbel.