Er det nokon som heve køyrd ned til alpene med bil? Korleis er det å ha eigen bil der nede i forhold til kollektivt? Er det stor fordel å ha eigen bil? Parkering, avgifter, verksted om noko må reparerast?
Heve vore i Alpene i fleire år no, med hell og uhell i snomengder og forhold. Tenkte kanskje å reise ned med eigen bil og køyre rundt på dei stadene der det dumpar ned med pudder. Pudderjakt:-)
Tenkte å reise ned i januar/februar med eigen bil. Heve lyst til å køyre til Chamonix, St. Anton, Alagna,engelberg og andre stader der det kan dukke opp fine forhold. Kanskje er det nokon som heve sysla med same tanken også?