Øy Pelle - driv du og lokkar Hovden sine gjestar til Røldal ?:wink
OK - skal medgi at terrenget rundt Hovden ikkje gir dei heilt store toppturmoglegheitene, på grunn av lang anmarsj. Det er verd å ta turen til Haukelifjell (og eventuelt lenger).
Hovdenuten og Hartevassnutane er likevel "koselige" og lette turar frå Hovden. Ein kan også gå innover toppane frå Nos (toppen av skisenteret), og eventuelt inn til Veggine.
Sandi666: Du kan eventuelt kontakte LAGG, som arrangerer toppturar og anna med Hovden som utgangspunkt. Sjå www.lagg.no.
Velkomen til Hovden!