Vegen opp til Kvistaddalen er ikkje open/klar enno, så det er start på ca 100 moh. og 4 km gange opp til 550 før "start" på turen til Skårasalen. Såg folk på toppen (frå andre toppar i området) både laurdag og søndag, men er ein dryg tur. Veit ikkje om det vart Aast-tur dit på søndag, men det var iallefall svært mykje folk på Grøtdalstindane rett over på andre sida - mange som snudde etter stengt veg og gjekk opp på andre sida av dalen mot Grøtdalstind (1331 moh). Super tur, nydeleg snø, flott ver. Men i dag er det grått og regn her i Ørsta... 