I Melderskin og i områda rundt er det mangen ruter å velga mellom, både bratte og slakare ruter alt etter kva ein ynskjer. Bruk av stegjern og øks i Melderskin kjem nok litt an på kva veg du velge. Eg har ikkje vore på Melderskin i det siste, men etterkvart som snøen mjuknar så trur eg det skal gå fint å følga normalruta opp utan stegjern. Om ein går opp på baksida, dvs, opp frå øvre-myrdal og omnen/Omnatind område så kan ein risikera å måtta bruka stegjern. I dag når eg var i dei aktuelle områda (ikkje melderskin) så var det eit par stykk som klatra opp baksida og dei hadde visstnok bruk både stegjern, isøks og mogleg tau. (Dette er eit området som det til vanleg på sumarstid er krevande) Dette område ligg heilt innerst i øvre-Myrdal og rett nedanfor toppen av Melderskin (bratt renna som går ned frå toppen). Om dåke følger ryggen opp over det som vert kalla "omnen" så går det kanskje fint utan stegjern. Litt vanskeleg å forklara kor dette er.. Om det ikkje skulle vera mogleg å komma seg opp, så er det mangen andre toppar rett ved og på same veg som det er råd å gå opp på, som er meir eller mindre lika høge som Melderskin. Ein har Omnatind (1368) som ligg like under Melderskin. Bjørnaldstindane, Juklavasstinden og Hestabotnpynten for å nevna nokon. Vegen opp frå Myrdalsvatnet, mot desse toppane, går gjerne opp gjennom Nipeskar (snøfyllt skar rett opp ifrå Myrdalsvatnet). Her kan dykk følga skogsvegen som startar like før dykk kjem inn til nausta ved vatnet. Følg den til endes. Såg det var ein del spor oppover der i dag (over kanten og bortover på baksida av Melderskin mot Omnatind osv) så det skal ikkje vera så vanskeleg å finna. Nedkøyring frå Melderskin mot aust.. Kan vera ned i øvre-Myrdal dei meine. Om ikkje så kan det vera ned i Laurdal, dvs. dalen som skille Melderskin med nabotoppen Laurdalstind. Om eg skulle valgt så ville eg heller ha køyrt ned i øvre-Myrdal, men ifrå toppen av Melderskin kan det bli litt vanskeleg pga snøforhold i renna og bratthet vil eg tru pr dags dato. Vegen inn til Myrdalsvatnet er forresten låst og dykk må evt leiga nøkkel, om dykk ikkje vil gå inn. (Tek 45 min ca til fots til dykk er ved vatnet) Kan sende telefonnr etc for utleige av nøkkel på sms, i tilfelle dette ikkje leses før avreise:) Veit ikkje om detta gjorde dykk noko klokare...:) Ein ting som er sikkert er at det er fantastiske område å stå på ski i!! Etter å ha tilbrakt to helgar der oppe, så kan eg gjerne anbefala ein tur der:)