Kok opp vatn til ca 90 grader og hell det i ein stamp. Dra ut lineren av støvlane slik at du sit att med støvelskalet. Set støvlane i det varme vatnet og vent ca 30 min. Vatnet skal dekkja området du vil ha utvida. Ta så opp støvlane, tørk lett av ei med eit handklede, stapp i lineren og evt såle, dra på deg støvlane og stram klypene. Stå med dei i 20 min til dei er nedkjølte eller stig ut i snøen for å kjøla dei fortare ned. Voila! Funka for meg.