Eg lurer sterkt på å kjøpe denne bindingen fordi den er lett, isar ikkje, og ser ut til å vere solid i konstruksjonen. Difor var det med SKREKK eg såg innlegga her om utløysing av binding frå køyremodus til gåmodus. Eg kontakta difor Uhrweder Sport som er importør for å høyre om dei hadde kome med ei oppgradering av bindingen. Det hadde dei! Mekanismen som skifter mellom gå og køyremodus er modifisert. Dei bindingane dei hadde solgt hausten 2009 av switchback har det gått bra med. Så med meg blir det truleg ein switchback av "ny" type som vert kjøpt. Desse pakningane har strekkode. Dei eldre pakningane har ikkje det... .