1. Kjøp eit jentebrett med fin, smal midje som står til skostørrelsen din. Ikkje høyr på kjøttskallen i din lokale G-sport som vil sei at jenter like gjerne kan stå på mannabrett. Det er lyyg, for då blir bredden ein heilt anna og passar oftast skostørrelse 43ish. Antar du neppe har så store labber. 2. Kjøp langt brett. Om du er stødig på ski vil du ta greiene kjapt, og då er du bedre tjent med lengde. Eg vil seie du bør gå for omlag 158, men eg likar sjølv lange brett. Meir lengd gir deg stabilitet, flyt og hindrar deg neppe i å spinne. Skal du absolutt slå hol i skallen på ein eller anna rail-greie, kan du sikkert ta noko kortare. 3 - Bindinger er fullt av jippe - Kjøp nokre heilt greie, standard opplegg. Drit i alt fix-faxeriet. Drake og Sims lagar begge veldig fine greier og ein binding i deira prismessige midtsjikt vil halde lenge. Hugs på at dei stivaste bindingane er laga for å tåle rimeleg dryge landingar som du truleg aldri vil bli utsatt for. 4 . Oppsummert - eg vil tilrå deg for eksempel eit Nitro black widow 157 + ein grei binding. Feitabrett! Koster fort ei krone og femtusen, men det gir deg jo berre ein grunn til å komme deg til fjells heile tida!5 - Gratulerer til meg for verdens lengste svar. Eg vart litt ivrig....