Pr. i dag er det kun det enkelte utøvarar på det franske landslaget som køyrer på NTN, ingen norske. Som det er nemnt, er det ein del overlapping på fjørene, så ein må stille de litt opp for å merke forskjell frå grøn på 5+ og til blå.
Det er veldig store indiviuelle forskejllar på kva fjører ein treng. Det avhenger av vekt, skostørrelse, kjørestil osv. Men ein grei allround vil eg sei er den grøne fjøra på maks, evnt blå.
Når Tore Tang spør om forskjellen på hard og soft binding, antar eg at han meiner med mjuke og harde fjører. Forskjellene, i grove trekk, er jo enkelt og greitt at det er tyngre å bøye bakfoten på stivere fjører og vice versa. Dette kan ha sine fordeler og ulemper. Ulemper er jo m.a. at ein kanskje ikkje klarar å få tilstrekkeleg avstand mellom beina (i fartsretningen) Samstundes vil ein få ein binding med meir respons mellom sko og ski, ein kan trykke på meir og verkeleg gøtse på is og hardt underlag. Går ein på mjukare fjører vil ein ha mindre motstand imot og vil lettare koma ned, men vil ikkje kunne trykke imot like hardt på tilsvarende underlag. Ergo: mjukere fjører er kanskje mest "hensiktsmessig" i mykt føre (pudder, godt feste osv.) og hardere fjører i meir harde forhold. Men dette er på ingen måte nokon fasit, berre ei lita vegleiing. Nokre liker å køyre mjukt medan andre misliker det. Ein må rett og slett prøve ut litt ut i frå kva ein sjølv veit at ein liker.