Som ove nevner tidlegare i tråden her har han to kompisar som såg skredet og eg er ein av dei. Denne dagen styrte me bort frå det aktuelle henget og alle andre heng over 25-30 grader over skoggrensa...Ganske åpenlyst på ein sånn dag for dei som har skredkunnskap. Eg såg det gjekk bra med dykk og gjorde derfor ikkje nokke meir med saken.
Om bildene frå baksida var frå samme dag, so får eg gåsehud og tykkjer dykk er over gjennomsnittleg heldige som i det heiletatt kan leggja ut denne tråden.
Angåande for lav skredvarsling:
Eg er ein av dei som melder skred i Myrkdalen og har som fleire av mine kollegaer fleire kurs, og lang fartstid i Myrkdalen Fjellheisar både på jobb og på fritida. Dette gjer at me har eit svært godt grunnlag for å melde skredfare grad. DEt som er utruleg viktig er at brukarane av skredfarevarselet KAN denne skalaen. Det siste skredet ser eg at er filma tidlegare rundt nytt år om eg ikkje hugsar feil og faregraden denne dagen var faregrad 2 som seier moderat skredfare, merk dykk MODERAT. Denne faregraden seier at skred kan løysne ved stor tillegsbelastning eller i ekstreme brattheng som vil seie 40 grader eller brattere. Dette henget er ca 45 grader og ein dropp som her er utløysande faktor vil være ein stor tillegsbelastning på snø dekket. Fleste dødsulykker skjer på faregrad 2 og 3 og ein mykje mindre del på grad 4.
Eg vil oppfordra ALLE som nyttar seg av skredvarslinga til å opparbeide seg god kunnskap om skred og om å bruke skredvett i fjellet. Som f.eks å køyre ein og ein, og ha og kunne bruke skredutstyr. Og viktig om ein nyttar seg av dette varselet er at ein må sjølv gjera eingne vurderingar når ein bevegar seg i skredfarleg terreng, altså 27grader --> .
Ser nokre kjente fjes i videoen, so kansje eg plutsleg dukkar opp å gjer dykk ein innføring i skredfareskalaen.
Kos dykk til fjells men bruk hovudet.