King Coomba som eg skriv i starten så er det nesten ett fett kva for søkar du kjøper, bare du lærer deg å bruke den!
Eg drog alle Ortovox over ein kam, men utifrå erfaring og dei eg har snakka med som har god greie på det (Bla Manuel Genswein) så styrer eg unna Ortovox.(Mi personlige meining) Eg har sjølv prøva S1, som eg ikkje lika i det heile tatt,fordi den var ikkje enkel nok og lett å bruke. Men det er ein som kjem høgt opp i testen du refererar til.
Eg har ein Pieps DSP som også kjem høgt opp på lista, men denne har eg vraka til fordel for ein Mammut Pulse. Dette fordi den ikkje har analogt søkemodus. Så her er heller ikkje eg og testen enige.
Men eg trur at med skredsøkar så er det litt som mobiltelefon. Har du fyrst hatt eit merke, og blitt vant til menyar osv så fortsett ein å kjøpe dette.
Men godt me er enige om søkestang og spade:) Så får me uansett satse på ein skredsikker vinter uavhengig av type skredsøkar eller ikkje!