Har BD factor og har gått ein god del toppturar med kuro og Duke. (Dagsturar) Det går heilt fint så lenge du ikkje skal traversere på hardt underlag. Selvfølgeleg er det MYKJE lettare å gå med dynafitoppsett, men poenget mitt er at det fungerar heilt greit og du dør ikkje på deg på veg opp:wink
Veit mange som skryter av Factor skoen. Den er mykje meir raftig enn andre Randomodellar. Gåfunksjonen på Factor synest eg og faktisk er betre enn på mine Scarpa spirit 4 som skal vere ein mykje meir gåretta sko. Ein frikoblar ankeleddet heilt i factoren så ein slepp å "knekke" leggen frammover for å stege ut.Skal eg seie noko negativt om Factor så må de være at eg stussar litt på kor lenge boa snøringa i innerstøvelen vil halde...men så langt har det gått veldig bra..Den veg også meir enn standar randosko, men det er prisen å betale for ein stivare, meir robust og køyreretta støvel