Sit å skal bestille meg ski til vinteren.
Har ein kuro for god dagane og eit par lette ski for langturar med dynafit på.
Skia vert sett opp med Marker Baron binding ser det ut til og skal vere ei "kvardagski". altså ei som taklar det meste av føre på ein grei måte
Obsethed og Vct Turbo 09/10 er andre alternativ eg har sett på.
Eg kom over salomon Shogun og har lest og sett mykje bra om dei. Er det nokon som kan dele litt av sine erfaringar om denne skia?
Vidare er eg 172 sjølv og føler kanskje at 173 då vert i kortaste laget. Har hatt K2 sidestash i 182 i fjor, men desse følte eg vart for tungkøyrte, men så er vel sidestashen ei ski som krevar ein del innsats av piloten. Eg er erfaren på ski, men likar meg betre i skogskøyring og cruising enn å hoppe haudestups utfor høge klipper.
Innspel ønskast....kva lengde bør eg gå for og er Shogun ei lettkøyrd ski som taklar ulike underlag bra? Er den såpass medgjerleg at eg kan gå for 182?