Har skia sjølv i 181..sjøl er eg 172 og merkar at den av og til er i lengste laget.
Det er ei ski som krever litt av køyraren då den er ganske stiv, spesielt bakskia.
Gjer følgande karakterestikk av den:
Bakke: Carvar fine store storslalomsvingar og er ganske stabil i fart og har bra kantgrep. På alt for hardt føre er ikkje eg god nok til å gi nok gass og den blafrar.
Lausnø: Hadde ein dag i Stryn i skikkeleg djup snø og det var då ei kjempeski. Var berre å koste på og ta fjellsida i tre fire store svingar. Då trivdes verkeleg denne skia!(og køyraren forsovidt) Den fløyt som berre juling.
Gjennomslags føre: Heilt OK for min del. MErkar godt at skia blir litt sjef over meg pga dei er litt lange, men når ein først får det til så knuser den bra på.
Alt i alt: God og stabil ski som eg nok har kjøpt litt for lang til å ha som kvardagski.
Med marker baron er den også rimelig tung.