Er på utkikk etter ein feit pudderplanke til å kruse pudder med, snurre på pudderkickers og leike baklengs i pudder. Vil også ha fartsstabilitet.
Køyrer ikkje lenger i perparert bakke med skia så det er ikkje vesentleg.
Kikka lenge på Line EP Pro, men eg er 188 cm og veg rundt 95 kg, og etter det eg har høyrt skal EP Pro modellen vera så mjuk at det vil bare bli dumt for meg.
Nokon som har erfaring med den nyare versjonen av Prophet 130 etter rockeren kom? Nokon i same vektklasse også som har prøvd denne skia?
Har du erfaring med andre ski i same kategori, leikne og breie pudderski for oss mannfolk i tungvektsklassa er det interessant. Ski under 110 på midten er ikkje interessant hehe.
Vurderar også telemarkski i same kategori...
Håpar på mange og seriøse innlegg!