Vi må vise at elvene vert nytta av elvepadlarar. Det er sjølvsagt ikkje mogleg å redde kvar einaste bekk, men dei viktigaste elvene kan og må ein kjempe for!
Den viktigaste fasen å engasjere seg i er når konsesjonen er ute til høring. Då kan alle som har innvendingar mot utbygging av eit vassdrag legge fram dokumentasjon og motargument. Ta med kamera på padletur og dokumentér! Det kan vere hjelp å få frå eventuele lokallag av naturvernforbundet også.
Klikkar du deg inn på enkeltsakene som ligg ute til høring, kan du forholdsvis raskt og enkelt sende ein høringsuttale ved å bruke nettskjemaet nederst på sida.