Var der nede nettopp, ein kamerat av meg kjøpte Black Diamond Verdict med G3 T9-binding. Han betalte, og hold deg fast no, 4000 tusen norske kroner alt inkludert. (Då med tanke på at han fekk 16,666666% skatt tilbake på konto når han kom heim. Husk å be om tax refund!) Sjølv kjøpte eg fjorårsmodell av Rossignol Bandit B3 med BD 02-binding, og betalte 3500. Det syns eg er billig!
Eg sendte mail til Pete før turen, og han lova å ha skia klar til eg kom. Landa flyet etter stengetid skulle eg berre sei i fra, så kunne vi få ein ordning på det også.
Eg reiste altså ned uten ski, og sidan ein ikkje får stå på ski første dag uansett, kan ein like godt bruke tida på å kjøpe. Anbefaler Sport Pete på det sterkaste. Bedre service skal ein leite lenge etter. Men anbefaler å ta kontakt på forhånd, mailadressa ligg på www.telemark.at. Last også ned prislista i pdf-fil fra sida.