Fri Flyt har i år forsøkt å gjere noko helt nytt med skitesten. Istaden for å bedømme stivleik på bakgrunn av kva i kjenner ved fleksing (dette gjer vi sjølvsagt også) og kva leverandøren fortel oss, har FF fått laga testeutstyr for å finne alle desse verdiane.
Når vi starta med dette i fjor vinter fekk vi fleire overraskingar. Nokre av dei skia vi har oppfatta som stive, er ikkje så stive. -Og mange av dei skia vi trudde var svært mjuke, er ikkje så mjuke.
Typiske ski som ofte vert oppfatta som stive (ved fleksing mot golvet) er Rossignol B. Problemet er at når ein fleksar ei ski mot golvet kjenner ein ikkje på den generelle stivleiken i skia. Ein kjenner mest av alt på tuppane. -Det er svært vanskeleg å merke om ei ski er stiv på midten eller ikkje, når skituppane fleksar ti gangar så mykje. RossiBsq (vær oppmerksom, det er fleire versjonar av denne, dei stivaste er mykje stivare) er ei relativt mjuk midtski med stivare tuppar. Dette gjer at skia kjennes litt stiv ut ved fleksing, meir kraft blir ført inn mot midten av skia der stivleiken er størst. Watea er ei stivare ski med mjukare tuppar, denne vil kjennast mjukare ut ved fleksing
Det er mange andre faktorar som ofte påvirkar vår oppfatning av eigenskapane til ski: namn, merke, grafikk og historie er nokre slike.
Eg trur Fri Flyt har bidratt til å gjere diskusjonen litt meir interessant angåande fleks. Kor mange gangar har vi ikkje sett diskusjonar som utviklar seg til kranglar om kva ski som er stivast? Dette er heilt unødvendig, stivleik er målbart.
Vi har ei målsetting om å være ein seriøs skitestar, sjølv om det kan være fristande å kaste terning. Det å visualisere kor stive skia faktisk er burde sprekke ein del bobler og ta livet av ein del myter, for skifolket trur eg dette er positivt.