Kva skal ein gjere når det hopar seg opp med oppsprukkne og utdaterte plastskrog i hagen? Det er miljømessig uholdbart å kjøre all plasten på dynga, og det er unekteleg knytt sterke kjensler til ein gammal og sliten kajakk. Eg veit at det går an å lage artige hagemøblar og verandakasser av skroga, og det går sikkert fint an å sette vin i ein sliten river-runner. Hadde det ikkje vore fint med ei panteordning der ein fekk ein symbolsk sum frå fabrikanten eller importøren om ein leverte tilbake båten etter grunnstøting? Er det nokon der ute som har andre gode idear til ei løysing på dette?