Jepp, som sagt i innlegg litt over her, har eg padla Sniper i ca to år. Eg kjøpte min i Canada då eg var utvekslingsstudent der. På den første eg hadde, sprakk ringen som fester lasteluka. Riot ville verken reparere eller erstatte dette, sidan dei ikkje produserer denne sjølv. Litt seinare sprakk plasten i kajakken (dette var ein 2003-modell, dei var laga med den "gamle" plasten) Dette var flaks for meg, for no erstatta Riot heile båten, og eg fekk ein ny, med god plast og utan lasteluke. Denne padlar eg endå. Einaste eg er litt misfornøyd med, er stroppene som ein strammer setet og fotstøtta med, som har ein tendens til å ryke (har skjedd to gonger). Eg trur dette er betre på årets modellar. Båten er manøvrerbar og enkel å padle, kjem fort opp når du plugger (litt vel fort av og til) og boofer når du seier "boof!" til den. Alt i alt ein god, men liten creekbåt.