[kverulering]Det finst ikkje fleire versjonar av Pinnacle, då Pinnacle er ein produsent av redigeringsprogramvare og hardware (som ifjor vart kjøpt opp av Avid), og ikkje eit program. Pinnacle Studio derimot, finst det fleire versjonar av, den nyaste er vel 10.5 eller noko slikt.[/kverulering]
Når det gjeld nemnte Pinnacle Studio, so vil det anten vere eit bra val, eller eit dårleg val. Grunnen til det er at det er eit program som for mange er svært ustabilt, og berre skaper problem. Dette gjeld ikkje alle - det er ein god del som ikkje har problem i det heile - men eg har høyrd mykje om "skrekkhistoriar" med program i Studio-serien.
Det positive med Studio, er at når det gjeld brukarvenlegheit for nybyrjarar skal Studio vere noko av det beste ein kan få, men det hjelper ikkje om det låser seg i tide og utide.
Heldigvis finst det fleire alternativ i same prisklasse i same prisklasse, til dømes Adobe Premiere Elements og Magix Movie Edit Pro. For prisar og meir info les her:http://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=435013
Om ein som Haugstad har vanskar med å kome i gang, bør ein setje seg ned å prøve seg fram, lese i manualen, google etter tutorials og sjå/lese dei og eventuelt spørre på forum.