Turbo_lien: Korleis i alle dagar kan du meine at det der er ein misty? På ein misty legg ein seg framover på skrå. Du la kanskje ikkje merke til at han her la seg bakover? Den fyrste 360en var corka, medan den siste 270en var ein litt skeiv backflip (sånn ca.).
Ein d-spin 720 er ein cork 360 til off axis backflip. Meiner då ikkje ein cork 360 slik ein ser so ofte idag, men som fyrste halvdel av ein cork 720. Mike Douglas lærte seg dette når han prøvde backflip 360.
(For dei som lurer på kor eg har dette frå, so var det ein artikkel på den gamle sida til Freeskier, der dei hadde snakka med eit par proffar, deriblant Douglas sjølv trur eg. Det dei "konkluderte" med var dette (kan ikkje garantere at ordlyden er heilt korrekt, men innhaldet er det same): "A d-spin is basically a corked 360 to an off-axis backflip.")
Reknar med at so godt som alle her har høyrd om at Candide tok d-spin 720 over Chad's for seks år sidan? TGR har eit klipp av dette liggjande på sidene sine, so kan de sjå sjølv. Candide går rett nok omlag rett bak, men likevel. Ny synet, de som ikkje har sett det før:http://www.tetongravity.com/cotw/cotw135fast.htm
Når det gjeld det klippet denne tråden eigentleg handla om, so vil eg seie det er ein d-spin 630, eventuelt ein cork med litt uvanleg utgang.