Ja, ein kan ikkje bruke cab i høve til ski slik det vert brukt på snowboard, men det er jo mogeleg å gje det ei anna tyding for ski, noko det har fått. Eg ser ikkje problemet i at skisporten i byrjinga vart inspirert av snowboard når det galdt namn på triks, og når vart dommarane i X-games ein absolutt autoritet?
Forresten (dette er ikkje retta mot nokon spesielle personar), det er berre dumt å seie "Cab = switch unnatural. Punktum" eller "Cab = switch. Punktum". Folk bruker begge deler, og det vil dei truleg fortsetje med å gjere òg. De kan sjølvsagt seie at de meiner det eine eller det andre, men det er ingen fasit.